fbpx
Nyheter

Ukjend kvalitet på norske masterprogram

Talet på masterprogram har eksplodert, men færre program blir kvalitetssikra eksternt enn det som var tilfelle tidlegare.

Det er det statlege organet Nokut som skal sikre kvaliteten i norsk høgare utdanning. Men etter innføringa av den nye Universitets- og høyskoleloven i 2005, har stadig fleire høgskular blitt universitet. Då har meir av kvalitetssikringa blitt overlaten til institusjonane sjølve.

– No er det ganske få institusjonar igjen som får vurdert kvaliteten på nye program av Nokut, seier Elisabeth Hovdhaugen, sosiolog og forskar ved forskingsinstituttet Nifu.

Hovdhaugen_bilde-scaled-aspect-ratio-9-16
Hovdhaugen_bilde

Ifølgje Nifu-forskar Elisabeth Hovdhaugen veit vi i dag nokså lite om kvaliteten på norske masterprogram. Ettersom fleire høgskular har blitt universitet, er kvalitetssikringsarbeidet i større grad overlate til studiestadene, forklarer ho. Foto: Ingvar Jensen, Nifu.

Grunnen er som følger: Det er berre høgskular som skal opprette nye masterprogram utan å ha eigne fullmaktar innan feltet, som må få programma godkjende av Nokut gjennom ei akkreditering.

For universiteta sin del, er Nokut sin hovudjobb å passe på at institusjonen sitt eige kvalitetssikringssystem er godt nok.

Fleire program, dårlegare kvalitet?

Hovdhaugen påpeikar at hos det fåtalet som framleis må få programma godkjende, blir kvaliteten sikra og følgt opp på ein annan måte enn hos alle universiteta.

– Dermed veit vi relativt lite om kvaliteten på norske masterutdanningar i dag, seier ho.

Kristin Vinje, administrerande direktør i Nokut, forklarer at systemet er tillitsbasert og forankra i internasjonale standardar. Nokut skal kontrollere og bidra til kvalitetsutvikling, noko dei gjer gjennom å føre tilsyn, akkreditere og evaluere.

– Det kan sjølvsagt skje at kvalitetssikringa sviktar på enkelte institusjonar, og Nokut kan gjere stikkprøver basert på indikasjonar der vi sjekkar om universiteta har tilstrekkeleg kompetanse i fagfeltet dei skal gje utdanning i. Men vi har ikkje grunn til å tru at kvaliteten er dårlegare enn tidlegare, seier ho.

kristin-vinje-02-aspect-ratio-9-16
kristin-vinje-02

Nokut-direktør Kristin Vinje oppmodar framtidige studentar til å skaffe seg informasjon om dei ulike studiestadene. – Det er ikkje nødvendigvis slik at dei største lærestadene er best, seier ho. Foto: Nokut.

Vurderer å evaluere erfaringsbaserte masterprogram

På ni år steig talet på norske masterprogram med rundt 50 prosent, frå vel 1000 i 2013 til vel 1500 i 2022, ifølgje Nokut sine tal.

– Er det nokon farar ved den veksten vi har hatt i talet på masterprogram?

– Det er jo mykje å handtere for institusjonane, og ein kan lure på om det er nødvendig og lurt. Eg har ikkje så sterke meiningar om kor vidt dette er eit problem, men er auken kraftig, kan ein iallfall stille spørsmål ved om institusjonane klarer å halde kvaliteten oppe, seier Vinje.

Såkalla erfaringsbaserte masterprogram, av den typen tidlegare statsråd Ingvild Kjerkol tok, har auka spesielt kraftig. Dei er gjerne retta mot erfarne profesjonsutøvarar som ønskjer fagleg akademisk påfyll, og bakgrunnen til studentane varierer. I dag er det registrert 144 slike masterprogram i Noreg.

Dette er ein programtype Nokut vurderer å evaluere i 2025 – nettopp på grunn av den sterke auken, ifølgje Vinje. Men budsjettet er ikkje utømeleg, og Nokut må gjere forundersøkingar før dei bestemmer seg for grundige evalueringar.

– Dei største er ikkje alltid dei beste

Karl-Fredrik Tangen, førstelektor ved Institutt for markedsføring på Høyskolen Kristiania, uttalte seg nyleg i Tendens om risikoen for kvalitetsforskjellar på norske masterprogram. Han meiner at studiestadene si marknadsføring til tider kan vere villeiande, og at berre eliten klarer å finne fram til dei gode programma.

Kristin Vinje oppmodar potensielle masterstudentar til å skaffe seg informasjon: Har studiestaden eit godt rykte? Kor mange tilsette held kursa på masterprogrammet? Kva erfaringar har tidlegare studentar?

Det siste spørsmålet kan studentundersøkinga Studiebarometeret gje ei viss innsikt i.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at dei største lærestadene er best. Små institusjonar kan vere knallsterke på enkelte fagfelt, og store institusjonar kan vere gode i breidda men ha enkelte dårlege miljø. Ingenting er gitt, seier ho.

shutterstock_2499315043-scaled-aspect-ratio-9-16
Oslo,,Norway,-,2024-08-03:,Oslo,Public,Library,(officially:,Norwegian,Deichman

Talet på masterprogram har eksplodert, men færre program blir kvalitetssikra eksternt enn det som var tilfelle tidlegare. (Bilete er tatt på Deichman bibliotek) Foto: Uwe Aranas/shutterstock.

Foreslår eit stjernesystem frå Nokut

Karl-Fredrik Tangen stiller seg undrande til at Nokut-sjefen oppmodar studentar til å sjekke studiestadene sitt rykte.

– Det er jo Nokut sin funksjon å garantere kvaliteten, som at Mattilsynet skal passe på at butikkar ikkje sel giftig mat. Viss det er mogleg å rangere kvalitet etter rykte, får Nokut lage eit stjernesystem, slik hotella har, seier han.

karl-fredrik_tangen-scaled-aspect-ratio-9-16
Portrett til ansattsiden på Kristiania.no

Forskar Karl-Fredrik Tangen fryktar kvalitetsforskjellar og eit utdanningssystem som forsterkar klasseskilnader, og han seier det gjerne høgt. – Samtidskritikken frå akademia må også gjelde forsking, innovasjon og studiepoeng, meiner han. Foto: Høyskolen Kristiania.

Kristin Vinje understrekar at Nokut gjer nasjonale fagevalueringar og at dei gjev institusjonane råd om kvalitetsutvikling. Men Nokut si rolle er å sikre at kvaliteten er ivareteken innanfor lover og forskrifter. Er dette tilfelle, differensierer dei ikkje på kvalitet studiestadene imellom, poengterer ho.

– Derfor vil det alltid vere interessant for studentane å reflektere over kva studiestadene legg vekt på. Studentane har jo også ulike preferansar, seier ho.

 

Fryktar at den grunnleggande samfunnskritikken fell bort

Karl-Fredrik Tangen fryktar for kvaliteten på ein del nye masterprogram fordi han er redd dei store, grunnleggande spørsmåla fell bort.

– Når du lagar bindestrek-samfunnsvitskapar, har det lett for å gleppe på det meir analytiske og kritiske utgangspunktet. Enkelte masterkurs om det grøne skiftet har for eksempel ei ny energikjelde som løysing allereie i førekant. Eit godt utdanningssystem burde vere heller kritisk til heile premisset om økonomisk vekst.

I tillegg fryktar han at fag som tradisjonelt har vore praktisk retta, blir teoretiserte og mistar substans, noko også medisinprofessor Per Brodal tidlegare har uttrykt uro for i magasinet Tendens.

Tangen ser det som viktig at akademikarar tar del i debatten om eigne institusjonar.

– Det er sikkert nok av folk utanfor akademia som vil kritisere universitet, masterar og akademia sunder og saman. For å unngå at ein anti-intellektuell diskusjon dominerer, bør akademia vere samtidskritiske, også til forsking, innovasjon og studiepoeng.