Du leitar etter eit godt masterprogram, kanskje søkjer du på ordet «siviløkonom». Trefflista på nettet er lang, og lovnadene enda fleire:
Du vil bli relevant og attraktiv. Du får ei anerkjend utdanning med høg kvalitet. Faktisk har dei aller fleste jobben sikra før dei blir uteksaminerte.
Karl-Fredrik Tangen, førstelektor ved Institutt for markedsføring ved Høyskolen Kristiania, er kritisk til marknadsføringa til norske utdanningsinstitusjonar.
– Det er ikkje slik at tjue ulike studiestader med tilsynelatande like masterprogram gjev deg dei same moglegheitene, seier han.
– Ein siviløkonom-tittel var eit gullkort før, men no er han meir utfordra. Du må kunne orientere deg mellom institusjonane. Også for karrierevegleiarar kan det vere vanskeleg å sjå gjennom marknadsføringa, meiner Tangen.