fbpx
Nyheter

Slik reagerer vi på krig, dyrtid og usikkerheit

Verdas krigar kjennest nærmare og økonomien trongare. Det kunne utløyst ei bølgje av godheit overfor for dei som har minst.

– Mange av oss kjenner nok på maktesløyse. Det er så mykje krig, elende og usikkerheit i verda, meir enn på veldig mange år, seier Arne Johan Vetlesen, professor i filosofi ved Universitetet i Oslo.  

Då er det naturleg at vi prøver å beskytte oss, så vi ikkje blir overvelda, meiner han.  

– Det kan vi gjere ved å ta kontroll: ikkje i den store verda, men i den vesle, den som famnar oss sjølve og våre aller nærmaste.  

Søker lyset i ei mørk tid

Ein måte å ta kontroll på er å prøve å kompensere, for eksempel ved å skaffe seg positive opplevingar, meiner Vetlesen.  

Det kan for eksempel resultere i shopping – sjølv om vi har dårleg råd. Og kanskje kjenner vi at enkelte reklamebodskap treff ekstra sterkt, som at «i år blir jula ekstra viktig».      

– Vi blir meir mottakelege for alt som gjev oss ei kjensle av trøyst og kontroll. Vi blir også meir mottakelege for radikale politiske bodskap, som går på tvers av eksisterande politikk, meiner filosofen.  

Arne Johan Vetlesen

Ei konsekvens av maktesløyse er at rekkevidda krympar, ifølgje Arne Johan Vetlesen. – Vi synest ikkje at det kan krevjast veldig mykje av oss moralsk sett når det gjeld å engasjere oss i Gaza og Ukraina. Vi har nok med det vi strevar med her heime, seier filosofiprofessoren. Foto: Universitetet i Oslo

Mindre altruisme og miljøengasjement

I ei Ipsos-undersøking frå oktober sa nesten halvparten av unge norske menn at dei ville stemt på Donald Trump. Byrået Ipsos kan også, i undersøkinga Norsk Monitor, fortelje at altruismen er på tilbakegang, at vi er blitt mindre opptekne av miljø og sosial likskap og meir av eiga lommebok.  

Fleire enn før seier for eksempel at vi bør løyse problema i eige land før vi bruker pengane på å hjelpe andre land. 

Den konservative dreiinga er størst blant unge, sjølv om tendensane er merkbare i alle aldrar.  

Ifølge seniorkonsulent Lars Erik Lie i Ipsos viser ikkje Norsk Monitor-undersøkinga nokon kjønnsskilnad. Heller ikkje utdanningsnivå ser ut til å bety noko for endringane dei siste par åra.  

Lars Lie

Fleire enn før ønskjer heller å auke velstanden i Noreg enn å fordele han likt, ifølgje Norsk Monitor si siste måling. – Dei fleste av oss er framleis likskapsorienterte. Men det er første gong sidan målingane starta i 1985 at vi ser ein nedgang i likskapstankegangen, seier Lars Erik Lie i Ipsos. Foto: Suffian Mazlan/Ipsos

Trer gamle kjønnsroller fram?

Andre målingar, til dømes frå Norsk Medborgerpanel ved Universitetet i Bergen referert i Filter Nyheter, finn ei klar kjønnsdeling: Her seier nesten éin av tre norske menn at dei ville stemt på Framstegspartiet (FrP). For unge kvinner er biletet annleis: 22,5 prosent seier at dei ville stemt SV.  

Vetlesen trur at FrP – med frontfigurar som ungdomspolitikaren Simen Velle – treff unge menn ekstra godt.  

– Unge menn i dag er usikre på kva det inneber å vere mann. Då er det lett å falle tilbake på «old certainties», det å vere til nytte praktisk og tene nok til å sørgje for ein familie, altså trekk som definerte mannleg identitet før. Verda er brutal – då gjeld det å skjere igjennom.  

– Unge menn i dag er usikre på kva det inneber å vere mann. Då er det lett å falle tilbake på «old certainties», det å vere til nytte praktisk og tene nok til å sørgje for ein familie, altså trekk som definerte mannleg identitet før. Verda er brutal – då gjeld det å skjere igjennom.

– Å vere snill er barnehagepreik

I boka «Verdier i vår tid» frå 2018 skreiv Vetlesen om korleis ordet «godhetstyranniet» vart brukt i samband med flyktningkrisa. Dette markerte ifølgje professoren eit verdimessig og moralsk vendepunkt der den trengande vart stilt ansvarleg for si eiga naud. Samtidig vart det kasta ein mistanke over dei som ville hjelpe.  

I dag høyrer vi sjeldnare dette ordet bli brukt, meiner han.   

– Ytterpunkta til høgre kjem heller inn med ein slags brutal realisme: Det er vel og bra å hjelpe dei svakaste, men det å vere snill, og å gje utan å vere sikker på at ein får noko tilbake, er barnehagepreik. Realismen blir sett opp mot det naive og godtruande.  

Alt går ikkje i éi retning

Samtidig finst det ein heil del som tenkjer annleis, understrekar han.  

– Det er ikkje eit unisont «vi» her . Det å vere kontrær, å ønskje å snu om på status quo, talar mest til dei unge. Vi ser både eit generasjonsskilje og eit kjønnsskilje, seier han.  

I alt snakket om høgrevind er det lett å gløyme at også SV stadig går framover, påpeikar Vetlesen.  

– SV var lenge eit 5-6 prosents parti, no er oppslutnaden på 10 prosent. Når unge menn går frå Senterpartiet og Høgre til FrP, er det tydelegvis ein del kvinner som går frå andre parti til SV og Rødt. 

– Sosialdemokratiske løysingar er framleis populære

Professor i sosiologi Magne Flemmen peikar på at dei endringane vi ser, er ferske. Norsk Monitor-undersøkinga, som han har fagansvar for, viser til dømes utviklinga frå 2021 til 2023. 

På desse to åra har fleire blitt samde i at det er for mykje statleg innblanding i dagens samfunn og at private skular og sjukehus er eit gode. Fleire ønskjer seg også lågare skattar.  

Ingen kan vere heilt sikre på kvifor endringane skjer. 

– Men magekjensla mi er at det har med dyrtid å gjere. Det er ikkje så rart at folk ønskjer lågare skattar når alt anna blir dyrare. Vi har òg nyleg vore gjennom ein pandemi med sterke inngrep i kvardagslivet til folk, og mange har fått private helseforsikringar, særleg gjennom jobben. Dette kan nok gjere folk meir positive til slike løysingar, seier Flemmen. 

Ser ein derimot ting i eit tjue- til førtiårsperspektiv, er oppslutnaden om sosialdemokratisk politikk framleis solid, understrekar han.  

Magne Flemmen

Professor i sosiologi Magne Flemmen trur vi vender oss i konservativ retning fordi det har blitt dyrare å vere norsk. Foto: Universitetet i Oslo

Samfunnsutviklinga er ikkje lineær

Både Flemmen og Lars Erik Lie i Ipsos presiserer at det ikkje er sikkert at skiftet vi no ser, vil vare.  

– Viss verda ser veldig annleis ut når vi gjer feltarbeid om eit år igjen, kan det svinge rett tilbake, seier Lie.  

Men ser vi på dei lange trekka i historia, går ikkje samfunnsutviklinga alltid i éi retning over tid, poengterer han.  

– Vi har lett for å tenkje at verdiane våre blir stadig meir progressive, postmoderne og idealistiske, altså at vi over tid blir berre meir opptekne av verdiar som likestilling, inkludering og solidaritet. Men det er inga naturlov som tilseier at det er sånn. Dette kan svinge att og fram.